Max Lucado: 'Håp 3,16».

Aktuelt for alle nikodemusar

Den flittig skrivande pastoren i Oak Hills Church i San Antonia i USA er på bokmarknaden igjen. Denne gongen med utgangspunktet i «den vesle Bibelen» i Johannes 3,16.

I somme av dei mange bøkene som har kome frå hans hand før, har eg nok syntest at språket vart litt for kjekt; bileta stundom på grensa til det uvørne, og i det heile tatt ein nokså slentrande (amerikansk) stil. Samstundes har han alltid ein frisk og utfordrande måte å presentera oppbyggeleg stoff på. Difor har eg stort sett alltid lese bøkene hans med glede.

Det har eg i endå større grad gjort denne gongen. Det outrerte er noko meir neddempa denne gongen, samstundes som det oppbyggelege og friske er vel ivareteke.

Men boka er også litt annleis enn dei fleste bøkene frå Lucado frå før, i og med at her er ein generell del først, og deretter 40 korte andaktar. Desse er glimrande mange av dei, men ein et seg overmett om ein les desse i samanheng. For poenga kjem tett, og stundom krev dei ein del ettertanke og refleksjon. Slik er det med alle andaktsbøker, for øvrig.

Boka startar med å føra lesaren inn i den spesielle stemninga som må ha vore den natta då Nikodemus tok kontakt med Jesus. Det er jo i denne samtalen at ein finn den vesle Bibelen. Utan å kunna skilta med tilsvarande store kunnskapar som Nikodemus hadde, har vi vel mykje av Nikodemus sine tankar og undringar med oss i møte med Jesus alle saman. Difor er dette kapitlet hjå evangelisten Johannes så overmåte sentralt; og Lucado si bok har dermed spelt på strenger som finn gjenklang hjå dei aller, aller fleste av oss. Det sentrale i evangeliet og den bibelske bodskapen generelt kjem klårt og sterkt fram.

Ei bok ein med stort utbytte kan lesa sjølv og gje vidare til andre!

Paul Odland