Foto: PrivatBoliviafararenPublisert 27.08.2010 Bolivia med sine 9,8 millionar innbyggarar er eit land som trass demokrati har store problem med utbredt fattigdom, sosial uro og
narkotikaproduksjon. Hit reiser Kjersti Ofte Jakobsen for å bety ein forskjell.
Det er blant anna barneheimen i Oruro som ligg 3.800 meter over havet som har fanga hjarte til Kjersti, men allereie som åtteåring vart trongen til å helpe andre sett i gong. Då skulle dei sende hjelpepakke til Europa, og Kjersti vart oppteken av kva ho kunne gje av leiker, klede og skrivesaker. Seinare, så snart Kjersti begynte å tene pengar sjølv, fekk ho sitt fyste fadderbarn. At menigheita Elim heime i Høydalsmo støtta Oruromisjonen, som driv med barneheim arbeid i Bolivia, gjorde at Kjersti etterkvart vart peila inn på nettopp Bolivia.
I 2005 valde Kjersti å gå på Skjærgårdsheimen DTS (Disippeltreningskule gjennom Ungdom i oppdrag). Berre eit problem. DTS` en var ferdig i mars, så kva skulle ho då gjere fram til sommaren?
Heile fem gonger sidan 2006 har Kjersti teke turen til landet som er plassert midt mellom fem sentrale land i Sør-Amerika, deriblant Chile og Brasil. Fyste gongen vart heilt annleis enn Kjersti hadde førestilt seg.
Trass ein del heimlengsel, opplevde Kjersti at gjennom den smerta klarte ho likevel å sjå Gud. Kjersti beskriv det som at Gud held ho oppe, og fortel at på dei tre månadane så lærte ho og fekk meir enn det ho gav.
Det var Berit og Torstein Tørre som starta Oruromisjonen. Dei drog fyst til jungelen i Bolivia i 1968 før dei fekk kall til høgfjella på midten av 80- talet. Etterkvart såg dei at det også var behov i fjellbygdene. Det var eit stort andeleg mørke der med mykje gamle religionar blanda med misforstått katolisisme. Men evangeliet har verkeleg gjort store underverk der, kan Kjersti fortelje, og legg til at misjonen har vakse slik at det no er tre stiftelsar og fire barneheimar.
Kjersti, som no er nestleiar og tolk i den delen som vert kalla Boliviahjelpa, har til daglege ansvar for barneheimen på 160 barn i fjellbygda Uritaca. Omtrent annakvar veke ringer Kjersti Lucy, styraren på barneheimen, og gjev så beskjed til Rune Einarborg, leiar for Boliviahjelpa, dersom det er noko som trengst. Som femte kviting besøkte Kjersti Uritaca for fyste gong i 2006.
Å, det må du få med, seier Kjersti og lyser opp. Siste nytt frå Uritaca er at 25 ungar frå barneheimen fekk si største oppleving då dei fekk reise ut av fjellet og inn i forstaden til Oruro på ein bibelskule. To veke med bibelundervisning, fellesskap, fotball og rundtur i byen skal ha vore veldig vellykka ettersom mange av barna bur veldig isolert fortel Kjersti. Via bekjente kom seks barn frå den gamle fiendestamma til Uritaca også til byen. Barna var fyst skeptiske, men møte rundt Guds ord skapa fred mellom gamle fiendskap band og skal ha enda i suksess. Om Kjersti kjem til å vere engasjert i dette arbeidet resten av livet veit ho ikkje.
|
||




















