Det nye hovedpastorparet, Anita og Anton Heggvik. Foto: PrivatNye pastorer i Gurskøy pinsemenighetPublisert 05.09.2010 Pinsemenigheten Sion, Gurskøy insetter både hovedpastor- og ungdomspastorpar i høst.
Pinsemenigheten Sion, Gurskøy har tilsett Anton Heggvik som ny pastor, med verknad frå 15. august. Heggvik kjem frå Snillfjord i Sør-Trøndelag, og har siste åra vore pastor i Betel, Grimstad. Komande søndag skal han og kona, Anita, offisielt innsettast som pastorpar for menigheten, saman med Miriam og Rolf Magne Tømte, som er det nye ungdomspastorparet i Sion.
Anton Heggvik går inn i tenesta som den fjerde pastoren i Sion si historie, og tek dermed over etter Arvid G. Larsen, som gjekk av ved nyttår. Anton er gift med Anita, som kjem frå Måløy. Etter å ha gjort teneste ved Betel Frie Evangeliske forsamling i Grimstad, har dei no svara ja til kallet om å vere pastorpar i vår menighet, noko vi er svært glade for.
Om lag samstundes som Sion har fått ny pastor, er også nytt ungdomspastorpar kome på plass. Det er Miriam og Rolf Magne Tømte som går inn i den svært viktige tenesta med å leie ungdommane i menigheten. Dei er alt komne i gong, og legg i desse dagar siste hand på eit oppussingsprosjekt i veslesalen i Sion, der ungdomsarbeidet vil ha sin faste tilhaldsstad. Miriam kjem frå Moltustranda, og er tilsett ved Bok og Media Ulsteinvik. Rolf Magne er student ved Høgskulen i Volda, og kjem frå Eidsvoll, der han tidlegare har vore ungdomspastor. Med sitt sterke fokus på forkynning, musikk og dans, er Miriam og Rolf Magne ressurspersonar, og gode førebilete for ungdommane. Vi er svært glade for at dei kunne ta på seg denne oppgåva, og ynskjer dei Guds velsigning i tenesta.
Søndag 5. september er det duka for ein stor innsettingsfest for pastorparet og ungdomspastorparet. Festen, som skal finne stad på Møre Barne- og Ungdomsskule, vil ha ein rikhaldig meny, med song, musikk og dans, tale av nyepastoren og helsingar. Forbønshandlinga vert leia av Ola-Emil Sprakehaug. Fleire representantar frå andre kyrkjesamfunn i området vårt vil også vere til stades.
|
||



















